NUTS - NTNU Test Satellite, a Norwegian CubeSat Project

Kreatordagen 2011

Written by: Roger Birkeland
Published: 20.03.11
17. mars deltok NUTS på Kreatordagen. Ved standen vår var det demonstrasjon av trådlaus korthaldsradio, demo av orienteringssensor for ADCS-systemet, simulering av de-tumbleprosess samt "live" nedlasting av data frå veirsatellittar i tillegg til litt modellar av satellitt og antennesystem for bakkestasjon.

Under er nokre bilete frå dagen.

noaa-mosaikk_kreator_11_small

Bilete frå veirsatellitt (over): Klikk på biletet for ein større versjon. Mosaikken er laga av fire bilete vi lasta ned i løpet av Kreatordagen, frå ein radio som stod på taket i tilknytning til bakkestasjonen vår. Øverst til venstre: NOAA18 ca 10:10 - 10:23, max 19 grader elevasjon. Øverst til høgre: NOAA18 11:49 - 12:04, max 39 grader elevasjon. Nederst til venstre: NOAA19 12:56 - 13:11, max 70 grader elevasjon. Nederst til høgre: NOAA18 13:29 - 13:44, max 71 grader elevasjon. Alle tider er norsk vintertid.

kreator11_dyret-

ADCS-demo: Kaan og Kristian demonstrerar korleis sensoren deira fungerar, ved hjelp av eit eller anna dyr. Ved å snu rundt på dyret, vil sensoren (som dyret har i hendene) sende informasjon om orienteringa si, slik at den kan sjåast på skjermen i bakgrunnen.

kreator11_stand

Besøk på stand. Asbjørn (nr. 2 frå venstre) forklarar kva vi driv med.