NUTS - NTNU Test Satellite, a Norwegian CubeSat Project

Eksperter i team, romteknologi og studentsatellitt

Eksperter i team er eit prosjektfag som alle 4.-årsstudentar skal gjennom. Dei siste åra har det vore ein landsby i faget med tema studentsatellitt, for våren 2014 skifta vi namn til Romteknologi.

EiT-landsby 2015: Romteknologi (TFE 4850)

Denne landsbyen vil vere sterkt knytta til studentsatellittprosjektet NUTS. Det er mogleg å fordjupe seg i fleire ulike tema innanfor romteknologi generellt og småsatellittar slik som NUTS spesielt. Mange tema kan gjerast veldig praktiske, der du som deltakar i landsbyen får jobbe med ein del av utstyret vi har laga og bygd i prosjektet. Andre tema er annleis; gruppa skal sette seg inn i og løyse eit prosjekt med ei meir teoretisk tilnærming. Kva du vil, det er opp til deg. Romteknologi er for alle!

Døme på tema og problemstillingar

  • Biologi – Ressursovervåking, biologiske eksperiment i mikrogravitasjon
  • Datarelatert – Feil-tolerante datamaskiner, autonome system
  • Elektronikk – Elektronikk som overlever temperatursvingninger og stråling
  • Kybernetikk – Styringssystem for romfartøy
  • Samfunn – Hvordan påvirker rommet og romteknologi oss og samfunnet vårt? Greier vi oss uten?
  • Maskin/materialteknologi – Bruk av komposittmaterialer i rommet

Døme på oppgåver som har vært gjort i landsbyen tidligare:

  • Nyttelast for studentrakett
  • Radiosystem for satellitt og bakkestasjon
  • Sensorer og programvare for studentsatellitt
  • Overvåking av algekonsentrasjon i havet
  • Landingsfartøy for robot til Mars
  • Plantevekst i verdensrommet
  • Meteordeteteksjon
  • Trådløs databuss i satellitten
  • Vakuumkammer
  • Bakkestasjon og radiosystem
  • Kamera og bildebehandling i satellitt
Du kan også sjå på nokre oppgåveforlag som kan gi eit inntrykk av moglegheitene i landsbyen, og så kan du sjå i menyen til venstre for kva som har vore tema dei tidlegare åra.