Oppgåvetema
Under ser du nokre moglege oppgåvetema. Desse vil verte oppdatert og kan
forandre seg fram mot prosjektstart, våren 2015. Oppgåvetema er heller
ikkje begrensande. Gruppa di kan finne på å jobbe med noko heilt anna.
Sist oppdatert: 021014
Kommunikasjon mellom bakkestasjon og satellitt
Korleis kommuniserer ein satellitt med oss på bakken? Finst det
satellittar vi kan lytte på? Kva utstyr treng vi, er det dyrt? Korleis
kan vi få satellitten vår til å gjere det vi vil; og kva skal han
gjere?? Her er det mogleg å få bruke radiostasjonen vår, og kanskje du
vert lisensiert radioamatør i løpet av semesteret om du har lyst.

Satellittelektronikk
Korleis ser elektronikken vi skal sende opp i verdsrommet ut? Korleis
fungerer han? Kva for programvare treng satellitten, og korleis får vi
dette til å finne og ta hand om feil som kan oppstå? Her får du
moglegheit til å sette ditt eige preg på innsida av satellitten. Har du
lyst å jobbe med elektronikk, drivarar, operativsystem og anna
programvare, så er her oppgåver til deg!

Vitskapleg nyttelast
Kva er mogleg å ha med i satellitten? Vi lagar ein platform med det
for auget at han skal støtte ulike former for nyttelast, utan at altfor
mykje må endrast. Kva er mogleg å få til i ein slik platform? Kvifor ser
vi ein stor auke i interesse rundt småsatellittar generellt og CubeSat
spesielt? Kvifor er industri og andre organisasjonar interesserte? Kva
kan vi ved NTNU bidra med? Går det an å lage butikk av dette, kanskje?
Mission og PR
Vil du vere med og planlegge og designe NUTS-1 sitt mission? Korleis
skal vi operere satellitten i bane? I kva rekkefølgje skjer alt? Kva må
vi passe på? Kva for system er avhengige av kvarandre? Kva kan vi gjere
for at andre skal synast dette er spennande? Vi ynskjer oss jo fleire
søkarar til tekniske fag ved NTNU, og vi ynskjer jo også at folk flest
skal få vite om kva vi driv med.
Eit anna mogleg tema er å komme opp til "stunt" vi kan gjere på
vidaregåande skular (eller ved NTNU på lågare årskurs) for å fengje
elevane/studentane og auke interessa før satellitten er ferdig. Vi treng
jo fortløpande nye folk i prosjektet!
Kanskje vi kan lage eit dataspel al.a "korleis lage din eigen satellitt", ein konferansedag om romteknologi eller liknande.
Satellittane og oss
Korleis hadde verda sett ut om satellittane ikkje fanst? Kva hadde
skjedd om dei brått ikkje var der lenger? Har vi gjort oss så avhengige
av dei at verda rett og slett hadde stoppa opp? Kva alternativ har vi?
Alle satellittar har fiendar. To av dei viktigaste er sola og romskrot.
Sola kan få voldsame utbrot som kan sette elektronikken i satellittane
ut av spel. Ein anna trussel er romskrot. Det kan vere andre, ubrukelege
satellittar, malingsflak, restar etter rakettar, støv og små partiklar
etter andre himmellekamar og meir til. Kva er Kessler-syndromet? Er det
måtar vi kan reinske opp banene på?
Nyttelast til studentrakett
I faget Romteknologi II reiser ein gjeng studentar til Andøya
Rakettskytefelt for å skyte opp ein eigen rakett. Har du idear til kva
ein slik rakett kan måle på den korte (nitti sekund) ferda gjennom nedre
delane av atmosfæra før han styrtar i havet? Kanskje du lagar din eigen
sensor som kan vere med på ei oppskyting seinare i semesteret!
